Velkomen til Statsarkivet i Bergen! 

Hos oss finn du arkiv frå statlege institusjonar i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Statsarkivet i Bergen er eitt av åtte statsarkiv i Noreg. Statsarkiva er ein del av det statlege Arkivverket, leia av Riksarkivaren. Arkivverket er ein statleg etat under Kulturdepartementet.

12. desember 2012 flytta me inn i rehabiliterte og nye lokale etter ein byggeperiode på to år. Lesesalen er ny og flott! Les meir om byggesaka under Byggeprosjekt

Bruk oss!

Lesesalen er open måndag-fredag heile året, og nokre laurdagar i året held me ope om føremiddagen. I vinterhalvåret er lesesalen langopen på tysdagar. Sjå meir om opningstider og lesesalbesøk.

E-post og telefon er betent i arbeidstida. Me har óg eit debattforum der du kan stilla enkle spørsmål om kjelder ved statsarkivet, koma med konkrete spørsmål om oppslag i kjeldene, eller andre spørsmål som toler allment innsyn og ikkje krev omfattande sakshandsaming.

Statsarkivet i Bergen etter rehabiliteringen - vinterstid

Statsarkivet i Bergen, desember 2012. Foto: Tom Myrvold

Oppgåver

Hovudoppgåva til arkivinstitusjonane er å ta vare på, formidle og gjere tilgjengeleg arkiv frå den statlege forvaltinga. Statsarkivet i Bergen har ansvar for arkiva frå Hordaland og Sogn og Fjordane.

Statsarkivaren i Bergen, Yngve Nedrebø, leiar Digitalarkivet, som er nett-tenesta til Arkivverket for å gjere kjelder tilgjengeleg på internett. Mykje av dei mest etterspurde kjeldene ved Statsarkivet i Bergen er lagt ut i Digitalarkivet . Tenesta er heilt gratis.

Dei 25 tilsette ved statsarkivet , skal halde orden på arkiva, og skal hjelpe alle som vender seg til arkivet, anten det er på lesesalen eller i form av brev, telefon, e-post eller debattinnlegg.