I kopiboken til biskop Arentz fremgår det at han fortalte datidens kirkedepartement om opprøret. Denne kopiboken befinner seg ved Statsarkivet i Bergen, i arkivet til Bjørgvin biskop, Kopibok 8, 1763-1767.

I kopiboken til biskop Arentz fremgår det at han fortalte datidens kirkedepartement om opprøret. Denne kopiboken befinner seg ved Statsarkivet i Bergen, i arkivet til Bjørgvin biskop, Kopibok 8, 1763-1767.


Den 18. april 1765 troppa tusenvis av illsinte bønder opp i Bergen by for å få høyra meir om innkrevjinga av ekstraskatten. Denne skatten var blitt innført eit par år tidlegare for å skaffa pengar i kassen til den dansk-norske staten. Ekstraskatten var ein flat skatt, noko som tyder at alle innbyggjarar over tolv år, seinere seksten, kvart år skulle betala ein riksdaler til staten. For de rike var det ikkje noko problem å betale denne riksdalaren. Dei dårlege økonomiske tidene, med uår og misvekst i landbruket i kombinasjon med høgt skattetrykk hadde allereie ført til at mange var fattige. For desse vart denne ekstraskatten svært vanskeleg, noko som resulterte i at illsinte strilar og bergensere i fleire dagar satte Bergen by på hovudet. Dette oppstyret har seinare fått namnet «Strilekrigen».

Sjølv om «Strilekrigen» var eit Bergensopprør spreidde dei same tankane seg til resten av Vestlandet, men og til andre delar av landet. Omgrepet «Strilekrig» er i bruk den dag i dag på Vestlandet i samband med misnøye mot styre og stell, til dømes ved framlegg om auke i bompengesatsar.

Ubrukt kjeldemateriale


Faktagrunnlaget for denne nye boka om «Strilekrigen» er mellom anna henta frå til dels heilt ubrukt kjeldemateriale frå både Statsarkivet i Bergen og Riksarkivet. Dette arkivmaterialet syner at opprøret var mykje større og at deltakarane kom fra fleire samfunnslag og grupperingar enn ein tidlegare har trudd. Boka er både velskriven og særs fint illustrert.

I desember kom denne boka med på innkjøpslista til Kulturrådet. Denne innkjøpsordninga skal syte for at «det blir skrive, gjeve ut, spreidd og lese ny norsk sakprosa av høg kvalitet». Det er kjekt å sjå at bøker som er skriven på grunnlag av våre arkiv vert sett pris på av Kulturrådet.

Boka «Strilekrigen i 1765 – om ville striler og rabiate bergensere» vart lansert på Litteraturhuset i Bergen den 25. oktober 2016.

Les blogginnlegget «», der Gina Dahl skriv litt om Strilekrigen og syner litt av kva for kjelder dei har brukt.

 

Universitetsbibliotekar Bjørn Arvid Bagge og rådgiver Gina Dahl ved henholdsvis Universitetsbiblioteket i Bergen og Statsarkivet i Bergen (Foto: Karin Bru, BA).

Universitetsbibliotekar Bjørn Arvid Bagge og rådgiver Gina Dahl ved henholdsvis Universitetsbiblioteket i Bergen og Statsarkivet i Bergen (Foto: Karin Bru, BA).